Ting i perspektiv
Kjære alle dere som var på avisrommet på biblioteket samtidig som meg i dag: eg beklagar verkeleg mi konstante snufsing, som ikkje akkurat fungerte som musak for dere der dere sat og las dagens avis. Det har seg nemleg sånn at hand i hand med våren så kom Herr Forkjølelse på besøk, og han satte seg bestemt i nasa mi. No er den heilt raud, og eg har sikkert gått igjennom ein rull med tørkepapir berre i dag.
Unnskyld viss dette blei for mykje informasjon.
Eg skal derimot ikkje klage. Som resten av bloggverda (og resten av Noreg etter dagens avisoppslag), har eg fått med meg den forferdelege beskjeden Regine Stokke fekk denne veka. Eg skal ærleg innrømme at eg ikkje har lest bloggen hennar før no, men historia hennar gir meg vondt i hjartet. Det skulle ikkje vore lov at så unge menneske, med så mange moglegheitar framfor seg, skal få dødelege sjukdomar. Dagens artikkel i Dagbladet var veldig respektfull, med mykje fokus på hennar eigne ord og lite "tabloid" språk. Om du ikkje fekk lest den i papirutgava, tykkjer eg du skal lese den her. Makan til sterk jente! Eg håpar verkeleg utanlandske legar kan hjelpe ho.

Julie Rebecca
17.apr.2009 kl.23:54
Helene
19.apr.2009 kl.21:54
jeg kunne ikke vært mer enig i det du skriver om regine.. sterk jente!
Regine
20.apr.2009 kl.02:37
Har du hatt ei fin helg?