Tenk deg dette: du har heile semesteret lagt timesvis med arbeid, kvar veke, i ein labjournal. No er lab-delen av faget ferdig, og du har levert det endelege produktet, innbunden med forside og innhaldsforteikning, til siste godkjenning. Boka skal seinare vere til hjelp i eksamensførebuinga di.
Når du får tilbake journalen er sidene fuktskada og heile boka stinkar øl.
Dette er realiteten for fleire KJEM131-studentar denne våren. Kvifor? Fordi nokre jævla idiotar helte øl ned i innleveringsluka på fredag. Det er så dårleg gjort at eg ikkje kan få sagt det. Omtrent alle som går på Mat-Nat veit godt kor mykje arbeid som går inn i ein labjournal, og når nokre så bevisst øydelegg medstudentar sitt arbeid... Eg har rett og slett ikkje ord, og eg drit langt i kor fulle dei som gjorde det var.
Dette var også dråpen som fekk begeret til å renne over for Kjemisk institutt. Verken KFU, Nanos eller Generica (farmasøytisk fagutval, som ikkje hadde noko med festen på fredag å gjere) får no lov til å arrangere fest på Realfagsbygget. Så der røyk eit bra sosialt tilbud, og ei viktig inntektskjelde for fagutvala.
Eg trudde realfagsstudentar liksom var smarte, eg?